PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Juleavslutning Seniordans

Trivelig juleavslutning for Seniordansen i Sør-Aurdal.

 

Ester Kulterud, leder for Frivilligsentralen inviterte til juleavslutning for seniordanserane 8. desember.

 

Vi vart møtt med ein julepynta sal med dekka langbord, lys og julepynt.

14 medlemmer var med denne kvelden, for det meste har vi vore 18 personar.

 

Seniordans er ein fin aktivitet, dei fleste er over 60 år, men det er og med yngre. Alder ingen hindring. Dansen er for alle som har lyst til å ha det moro i lag. Det er trim for heile kroppen og sosialt og koma saman.

 

Vi dansa fyrst og så vart vi bedne til bords. Det var kaldtbord med god mat av alle slag. Ved bordet hadde vi sangar, gymnastiske øvelsar og trim for smilebandet.

 

Sigbjørn Framnes takka Syver Kvål og Arna Bjørneskaret som har vore danseleiarar dette året. Dei har halde ut med oss alle kveldar, mykje terping, oppatt og oppatt, stor takk til dei.

 

Solveig Ammerud takka for maten.

 

Tilslutt fekk vi ostekake og kaffe.

 

Loddtrekking, stor konfekteske til heldig vinnar.

 

Over nyttår møtest me att til ny dans, det er plass for mange fleir som har lyst på ein fin aktivitet.

 

Aase

Her er nokre bilder fra festen!